GJENNOM MUSIKK, SONG OG FORTELJANDE DANS FORMIDLAR VI EI HISTORIE SOM HAR FORUNDRA OG FORFERDA I FLEIRE HUNDRE ÅR.
Villniss Dansekompani er den nye aktøren innan sceniske folkemusikk- og folkedansproduksjonar i Noreg. Initiativtakarane og ideskaparane bak Villniss, Silje Onstad Hålien og Andreas Ljones, har i det meste av sin kunstnarlege produksjon fokusert på arbeidet med å formidle musikk og dans med røter i norsk tradisjon. Villniss vart til som resultat av eit felles ønskje om å utforske det forteljande i dans og musikk, og utfordre sameksistensen mellom levande musikk og dans på ei scene. Villniss har arbeid mykje med naturelement som tema, og forestillinga «Eld og Vatn» i 2012 utfordra det konvensjonelle scenerommet sine grenser. I 2013 set Villniss opp «Dei to systrene» saman med regissør Jimmy Meurling og med Riksscenen i Oslo som co-produsent og formidlar.
Villniss: Dei to systrene
«På ein nyttårskveld møter vi to systre, forelska i same mann. Det nærmar seg midnatt, trekantdramaet utviklar seg og den eldste systra drep den yngre for å få mannen for seg sjølv. Den drepte systra blir forvandla til ei harpe, og gjennom tonane vil ho få si hevn før klokka slår tolv.» Forteljinga er basert på balladen om dei to systrene der kjærleik og misunning splittar gjennom hat og død. Kven er vinnarar og taparar i ei forteljing der det mørke vinn over det lyse? Gjennom musikk, song og forteljande dans formidlar vi ei historie som har forundra og forferda i fleire hundre år.
VILLNISS DANSKOMPANI
Jimmy Meurling, Regi Silje Onstad Hålien, Koreograf, Utøver Heidi Ruud Ellingsen, Utøver Ådne G. Kolbjørnshus, Utøver Georg Buljo, Musikk, Musiker Andreas Ljones, Musikk, Musiker